Beskrivelse
Frå jeger til gjetar - Historia om reindrifta i Jotunheimen og Filefjell
Historia om tamreinen i Jotunheimen og Filefjell er ikkje fortalt før i sin
heilskap. Denne boka spenner over ein tidsperiode på rundt 200 år, frå
dei fyrste forsøka med tamrein tidleg på 1800-talet til dagens reindrift i
Jotunheimen og Filefjell. Det er fire lag som framleis driv i dette området:
Lom Tamreinlag, Vågå Tamreinlag, Fram Reinlag og Filefjell Reinlag.
Desse fire utgjer den sørlegaste reindrifta i landet. Dei har alle si eiga
historie samtidig som mykje er felles. Den sterke påverknaden frå samisk
reindrift går gjennom alt og er så viktig at ein godt kan kalle dagens reindrift
for ein samisk kulturtradisjon. Både kunnskap, kompetanse og rein har korne
frå nord, ein sterk og langvarig impuls som så langt ikkje har fått den
merksemda han fortener.
Så er dette aller mest ei bok om reinsgjetarane og deira liv. Det er gjetarane
som er tettast på reinen, som fylgjer flokkane heile året. Mange gjetarar
ser på yrket sitt meir som ein livsstil: Samværet med reinen, nærleiken til
naturen og samarbeidet gjetarane i mellom. I eit langt perspektiv er dette ei
næring som har gått gjennom store omveltingar: teknologisk, organisatorisk
og når det gjeld avl og slakting. Historiene er mange og byggjer på skriftlege
kjelder frå den eldste tida og frå nyare tid på intervju med både noverande
og tidlegare gjetarar.
Spesifikasjon
Utgivelsesår: 2022
Språk: Nynorsk
Forlag/Utgiver: Kontaktutvalet for tamreinlaga i Sør-Norge
ISBN: 978-82-303-5775-0